... sjølv om det tek litt tid.
Bokmelding 1: Bisettelsen av Lars Saabye ChristensenDenne har eg sjølvsagt venta på, som den trufaste Beatles-fanen eg er. Eg likte no forresten Bly også, eg. Og no er sirkelen slutta. Og eg klagar ikkje. Men det skal seiast at sjølv om eg venta veldig, så var kanskje ikkje forventningane mine skyhøge likevel.
Bisettelsen er nok ikkje stor litteratur. Forfattaren meinte vel at han skulda publikum ei slags avslutning på heile Kim Karlsen-historia.
Enkelte av oss treng dette meir enn andre. Og eg lar meg underhalde. Til og med gjennom dei 200 første sidene, som eg har forstått ikkje fell i god jord hos alle. Og ikkje misforstå meg, eg syns ikkje dette er det beste Lars Saabye Christensen har gjort. Eg syns til tider språket i denne delen blir rett og slett masete og pretensiøst, og eg veit jo at han eigentleg kan dette med språkleg flyt og eleganse viss han vil, denne Christensen. Men eg lar meg underhalde. Del to er langt lettare å svelge, og eg lar meg stadig underhalde. Sjølv om delar som "det speilvendte manuskriptet" blir litt overtydelege og også, på sitt vis, masete. Men no har vi fått avslutninga vår, og eg er fornøgd. Og kjem sikkert til å lese Beatles igjen med stor glede ein annan gong, medan Bisettelsen sikkert får stå i hylla.
Bokmelding 2: La den rette komme inn av John Ajvide LindquistDenne boka har eg ikkje venta på. Eg visste ikkje at den eksisterte eingong, før eg var på bokkafé i Operaen (bokfest er forøvrig eit flott arrangement, eg fekk også sjå og høyre Ragnar Hovland spele ukulele) med forfattaren. Eg gjekk dit på grunn av Tore Renberg, som eg syns er kul (ver på vakt etter ny bokmelding snarleg). Og det var han. Men det var jammen John Avide Lindquist også, faktisk så kul at han overbeviste meg om at eg praktisk talt berre
måtte lese ei bok om vampyrar. Det skjer ikkje ofte.
La den rette komme inn kan kanskje best beskrivast ein sosialrealistisk roman. Handlinga finn stad i 1981, i Blackeberg, ein forstad til Stockholm. Den eine hovudpersonen er Oskar, ein 12 år gammal gut, eit mobbeoffer. Den andre hovudpersonen er Eli, ei 12 år gammal jente, ein vampyr. Det høyrest heilt absurd ut, men det fungerer ekstremt bra. Denne boka fenga meg frå første side, og etterkvart dei rundt meg, faktisk så mykje at eg endte opp med å lese om lag dei siste 120 sidene høgt for eit lite, men svært konsentrert publikum.
Det er ingenting som er kjekkare enn å bli positivt overraska over ei bok ein knapt har høyrt om før. Mykje betre enn å ikkje bli skuffa over ei bok ein har venta lenge på.
Og 24. oktober er det premiere på
filmen! Så det er berre å henge i slik at du rekk å lese boka først (filmen er allereie omtalt som årets beste, forresten).