24. november 2008

Rota til alt vondt?

Eg var på eit tidspunkt svært glad fordi eg skulle ha så masse fri utanom jobb denne veka. Nesten kvar dag! Bortsett frå mandag. Og tirsdag, og torsdag. Og så fredag. Og søndag.

Kva skal eg fylle all denne ledige tida med?

18. november 2008

To veker i gamlelandet...

... og der var billettane til påskeferien bestilt, Palestina nok ein gong. Saman med delar av familien, som ikkje har vore der før. Og eg gler meg, sjølvsagt.


Har fortsatt ikkje landa heilt. Kjenner fortsatt litt på at hovudet (eller er det hjertet? eller begge delar?) heng igjen litt søraust for resten av meg. Det har vore enkelte meir og mindre perifere kjente som har ymta frampå om at det er modig eller storsinna eller imponerande av meg å reise til Palestina, og i det heile tatt orke å bry meg om det som skjer der. Eg trur dette er eit uttrykk for ansvarsfråskriving. For viss det er ein jobb for spesielt modige folk, eller helgenar, eller på andre måtar overnaturlege vesen, å reise til Palestina*, eller berre orke å sette seg inn i konflikta, så blir det jo svært så legitimt for dei aller fleste av oss å berre la vere, og det med godt samvit.

Så beklagar å måtte skuffe. Eg er ikkje spesielt modig, godhjerta eller på anna måte heva over gjennomsnittet i befolkninga. Det er berre å hive seg rundt. Jada. Det er meininga at du skal føle deg treft.

* kan faktisk byttast ut med kva problemområde i verda som helst, det er, tru det eller ei, ikkje nokon hjertesak for meg at samtlige menneske i Noreg skal legge alt på hylla for Palestina. Så lenge folk gidd å bry seg om noko anna enn sin eigen navle, og gjerne i meir enn ord.

8. november 2008

Fin tur?

Folk spør sjølvsagt om eg har hatt ein fin tur. Eg kjenner at det byr meg litt imot å svare ja, men gjer det likevel, sidan eg innser at folk flest ikkje nødvendigvis er ute etter eit foredrag. Her kjem det likevel, i skriftleg form. (Beklagar manglande biletbruk, kameraet mitt tok kvelden allereie første dagen).

Det er nemleg altfor mange ting som ikkje var spesielt fint med denne turen:

Angrep på KFUK-tilsett
Den aller første dagen gjekk vi på KFUK i Jerusalem for å ete lunsj for gamle dagars skuld. Her fortalte dei om ein KFUK-tilsett som vart brutalt slått ned i Vest-Jerusalem eit par dagar før vi kom - tilsynelatande berre fordi han er arabisk, og utan at politiet greip inn. Les heile historia her (til høgre, under YWCA-logoen).

Noko slikt har eg aldri høyrt om Vest-Jerusalem før, for min del høyrest dette ut som noko berre ideologiske og svært religiøse busettarar i heilt andre område av landet kan finne på. Det betyr dessverre ikkje at eg ikkje trur på historia. Dei tilsette på KFUK har blitt forsiktige med å gå til Vest-Jerusalem.

Då dei spurte oss om korleis det var å komme tilbake til Palestina, svarte vi "it's the same". "No", sa generalsekretæren, "it's worse". Ho har visst rett.

Plukke oliven?
Eg var altså på tur for å plukke oliven saman med dei andre internasjonale og lokale bønder som i varierande grad har problem med å få tilgang til si eiga jord og med busettarar i nærleiken. Mykje av tida gjekk med til venting og diskusjonar med soldatar busettarar, og vi fekk sjå forskjellsbehandlinga på nært hald då alle dei internasjonale, etter timar med venting, fekk sleppe inn på området, medan dei to palestinske i gruppa måtte bli igjen utanfor (det høyrer med til historia at dei gjekk seg ein tur og greidde å snike seg inn bakvegen). Dette er eit område det har vore uproblematisk for olivenplukkarane å komme inn på tidlegare år. Ein annan stad fekk ingen av oss sleppe inn (dei trua til og med med å arrestere heile gruppa), og i tillegg stengte dei heile det aktuelle checkpointet for palestinarar den dagen, slik at mange ikkje kom seg på jobb. På grunn av oss. Vi fekk sjølvsagt plukka litt oliven, og ein av dagane såg vi faktisk ikkje ein einaste soldat eller busettar, men stort sett gjekk ting dessverre ikkje problemfritt for seg.

Busetningane veks
Eit av dei mest tydelege brota på Oslo-avtalen handla om busetningspolitikken. Israel forplikta seg til å stanse utbygginga av busetningane på Vestbredden. Dette skjedde ikkje, istaden voks busetningane som aldri før, og det ser ikkje ut til å slutte. Eg trengte ingen før-og-etter-illustrasjon for å sjå at ei busetning som Har Homa har blitt mykje større på halvanna år. Det dreier seg på ingen måte om "naturleg ekspansjon", som altså var greit ifølge Oslo-avtalen.

Israel har no beslutta å kutte statleg støtte til dei ulovlege busetningsutpostane. Dette skjer naturlegvis først etter at busettarane i slike område (svært ideologiske) har begynt å bli agressive mot israelske soldatar. Ein kan også spørje seg om kvifor dei har motteke statleg støtte fram til no, når dei har vore klassifiserte som ulovlege, også ifølge israelsk lov.

Det ser for meg ut som om det gradvis går opp for Israel at denne busetningspolitikken dei fører til sjuande og sist berre skaper problemer, også for staten Israel sjølv. Dessverre er eg redd dei har vikla seg litt for mykje inn i det til at det går an å komme seg ut av det på ein skikkelig måte.

Oush Grab
Den eine dagen vi var på tur, vart olivenplukkinga avlyst. I staden drog vi til Oush Grab for å male. Oush Grab er ein nedlagt militærbase. I 2006 fekk Beit Sahour området, som mellom anna skal brukast til friområde og bygging av sjukehus. I mai i år, på 60-årsdagen til staten Israel, kom busetjarane og malte rasistiske slagord over heile området, og gjorde det slik klart at heller ikkje dette området skal palestinarane få ha i fred. Internasjonale og lokale malte over busetjarane sine ekstremistiske taggingar, busetjarane kom tilbake og malte over, og slik har dagane gått sidan mai. Målet er å prøve å heve seg over busetjarane sitt nivå, og ikkje male politiske slagord eller liknande på veggane, men heller vere kreative og ha det moro med malinga.

Les artikkelen om Oush Grab i Time Magazine.


Cliff Hotel
Helene, som eg budde saman med i Jerusalem i fjor, og som også var med på denne turen, har familie på Vestbredden. Tanta Signe Marie gifta seg i 1989 med Ali frå Abu Dis. De eig Cliff Hotel. Kort fortalt har Israel okkupert hotellet fordi dei meinte at det var forlatt, noko som slett ikkje var tilfelle. Israel har tidlegare behandla hotellet som om det tilhøyrte Vestbredden, men argumenterer no for at det ligg i Jerusalem, og vil ha det på Jerusalems-sida av muren. Signe og Ali står på som heltar for å få hotellet tilbake, men det ser ikkje spesielt lyst ut. No har Kjell Finne laga ei utstilling om hotellet. Her kan du lese om både historia til hotellet og utstillinga.

Checkpoint watch
Ein av dei siste dagane i Beit Sahour gjorde eg noko eg har hatt lyst til lenge. Eg stod opp klokka fire for å sjå korleis det går for seg når arbeidarane frå Vestbredden skal på jobb i Jerusalem. Terminalen "Checkpoint 300" er den einaste plassen i dette området der palestinarane med arbeidstillatelse i Jerusalem får sleppe igjennom. Tillatelsen varer frå 05.00 til 19.00. Dette fører til enorme køar, særleg om morgonen. Dei økumeniske ledsagarane er der fleire gongar i veka for å sjekke at ting går for seg på ein skikkelig måte.

Dagen eg var der, var ein "god dag", sjølv om det sjølvsagt er heilt absurd å kalle nokon dag på denne terminalen for "god". Køen var lang, men kortare enn vanleg (ledsagaren som var med oss meinte at det skuldast at dei foregåande dagane hadde vore svært vanskelege, slik at mange hadde gitt opp å komme), og det var flyt og rørsle stort sett kontinuerleg. Likevel er det sterkt å sjå korleis palestinarane blir behandla, og sterkt å tenke på at dei må igjennom dette kvar einaste dag på veg til jobb.

Marianne skreiv eit bra blogginnlegg om ein anna dag på checkpointet.

Fin tur!
Likevel vel eg altså å svare ja når folk spør om det var ein fin tur. Eg kunne gjerne vore i Palestina mykje lenger, og eg syns ikkje det er særleg stas med dette kalde landet heilt enda, sjølv om det kanskje kjem etter kvart.

Eg reiste på tur med ein hyggelig gjeng. Vi var tolv stykke på tur, alle kjente nokon, men det var få som kjente alle i gruppa då vi reiste frå Norge. Etter nokre netter på tolvmannsrom i Jerusalem tør eg påstå at det kjentest som vi hadde vore på tur saman i årevis, og under olivenplukkingsprogrammet vart vi skulda for å vere ein klikk. Kanskje ikkje heilt bra, men det betyr iallfall at vi trivdes i kvarandre sitt selskap.

Vêret var stort sett bra, særleg på siste delen av turen. Sol og varme er ikkje å forakte i tider som dette, og eg har til og med fått litt farge på dei delane av kroppen som ikkje var anstendig tildekka, altså ansiktet og nedanfor T-skjorte-skillet på armane.

Noko av det aller kjekkaste var sjølvsagt å treffe igjen venner som ein ikkje ser så ofte. I Jerusalem er det ikkje mange igjen av nettverket vårt frå 2007, sidan det stort sett var internasjonale vi brukte å menge oss med, og internasjonale dreg heim etter ei stund. Ei av dei amerikanske jentene er veldig standhaftig, og vi spiste både hyggelig middag og hyggelig lunsj saman med henne. Eg kjente ikkje så mange palestinarar på min eigen alder då eg budde der, men det har retta seg litt opp i ettertid, og desse var det veldig kjekt å treffe igjen. I retrospektiv ser eg at det ikkje var alle eg fekk helst på denne gangen, så det får vi ha til gode. Alt i alt er eg fornøgd.

Og eg har faktisk tenkt å avslutte dette innlegget med ein aldri så liten klisjé. Noko av det som verkeleg har gjort inntrykk, er dei palestinarane vi møtte som fører ein dagleg kamp mot busettarar, statlige lover og reguleringer, og trakassering eller berre generell motvilje frå israelske myndigheiter. Og likevel nektar dei å gi opp. Ting ser på mange måtar mørkare ut enn nokon gong. Det gir meg likevel litt håp at det framleis finst folk som ser verdien av å føre ein kamp utan valdelege midlar. Folk som veit kva dei har rett på, sjølv når alt og alle dei er omgitte av ropar noko heilt anna. Folk som rett og slett har bestemt seg for å smile og le sjølv om dagane stort sett består av ulike problem på rekke og rad, det eine meir absurd enn det andre. Folk som framleis greier å sjå at det å hate staten Israel ikkje er det same som å hate alle israelarar. Folk som ikkje vel den enkle vegen og gir opp.

Eg har hatt ein fin tur. Og eg skal snart tilbake.

4. november 2008

Siste dag/doedtid

No kjem eg snart heim igjen. Ikkje at eg har lyst eller noko.

Men foerst skal eg paa valgvake, sjoelv om vi ikkje faar med oss saa mykje foer det er tid for aa dra. Det blir spennande aa sjaa om vi faar checkpoint 300 til aa opne for oss midt paa natta saann at vi kan komme oss over paa den trygge og sikre sida av muren og ta buss til flyplassen. Viss ikkje, trur eg berre eg blir her. Og for aa vere aerleg, kan eg komme paa mykje som kunne ha vore verre.