5. juli 2009

Bysommar II

For første gong på lenge, og sannsynligvis for siste gong før eg tek ferie, har eg hatt heile dagen for meg sjølv i leilegheita, utan ein einaste avtale med nokon eller noko. Dette har eg gjort i dag:

- vakna
- sovna
- vakna
- stått opp
- sett på ein klesvask
- gått ut med glass-og-metall-søpla, med påfølgande spasertur
- kjøpt druer på Joker, fordi eg trengte pose til søppelbøtta (det går an å vere for flink med å bruke handlenett...)
- hengt opp klesvask
- ete brunsj
- vaska opp
- sett på TV
- konsumert ei kanne med te
- lese fleire hundre sider, gjort ferdig to bøker og starta på ei ny
- testa ut kaffibryggaren eg fekk i forrige veke (den virka, så eg er klar for kaffibesøk)
- gått ut med papirsøpla, med påfølgande spasertur
- surfa på internett
- laga middag
- ete middag
- lagt middagsrestar i lunsjboks til i morgon
- vaska opp
- lagt saman klesvask
- snakka i telefon med opphavet
- tatt backup
- svart på e-postar frå folk som gjerne vil ha rommet mitt til hausten
- prøvd å bestemme meg for kva eg skal bruke eit 500 kroners universalgåvekort på
- ete druer

Dette får meg til å tenke. Dersom eg ikkje hadde hatt jobb eller venner, tenk på alt eg hadde fått gjort!

Men kor lenge hadde det eigentleg vore gøy?

2 kommentarar:

bokorm sa...

Hva leser du på for tiden? Regner med du er ferdig med godboken fra Palestina...

Dessuten burde du jo som miljøbevisst bruke nedbrytbare bossekker. Det er visst det siste nye på den fronten. For det er helt klart mye bedre å bære varer i handlenett enn plastpose.

Live sa...

No har eg etter tips frå bokmerker.org, begynt på Gullfisken av Le Clézio... (lista i høgremargen har alltid det nyaste prosjektet mitt øverst...)

Og det er visst ikkje så enkelt det med nedbrytbare bossposar heller, dei er visst så energikrevande å produsere at det ikkje har noko for seg å bruke dei. Har eg høyrt. (Kjelde: brosjyre om handlenett frå Meny, trur eg det var...) Det einaste er vel matavfall og slikt, då mp ein vel få lov.

Det eg har landa på, er å kjøpe rullar med tynnare plastposar i butikken, då det visstnok går med mindre olje og slikt i produksjonen av desse enn vanlege handleposar. Men sånne hadde ikkje Joker.