2. juli 2009

Bysommar

Det er varmt. Om ei veke tek eg ferie, turen går til Trivselsfylket. Men inntil vidare er eg i Oslo og jobbar, og innimellom nyt eg finvêret. Fortrinnsvis i bakgården etter solnedgang. Med ei bok. Og til helga ligg det an til årets første bad ute, viss ein ikkje reknar med Dødehavet.

Det overordna målet mitt for denne sommaren er å lese minst to bøker i veka. Det går riktig så fint foreløpig, og eg trur det kan gå enda betre dei to vekene eg skal vere i Førde.

Derfor har eg igjen blitt ein ivrig brukar av biblioteket. Det er lenge sidan eg har vore der så ofte som no, men eg hugsar ein gong i min barndom, eg var kanskje ti år, då eg kom heim frå Førde kommunale bibliotek og proklamerte at det begynte å bli kjedelig, for eg hadde faktisk lest alle bøkene i barneavdelinga der. Det var nok ikkje heilt sant, men kanskje heller ikkje så langt unna sanninga som ein kanskje skulle tru.

No er eg altså fast gjest på Deichmanske, og mykje har skjedd sidan sist. No kan ein til dømes lage ei hugseliste på internett med bøker ein vil lese ein eller annan gong, og ut frå lista mi ser eg at det ikkje er fare for at historia frå ti-års-alderen skal gjenta seg med det første. Heldigvis. Når ein er klar til å lese ei bok, trykker ein ganske enkelt på "bestill", og så får ein SMS når boka er klar til henting på ein fritt valt filial. Tada.

Og neidå, eg trur slett ikkje at folk ikkje veit om at dette går an. Eg har også visst om det lenge. Men berre tenk over det. Dette tilbodet har vi. Heilt gratis! Det er då ganske fantastisk?

Og i morgon skal eg begynne seint og jobbe kort dag, så i kveld skal eg sitte ute til det ikkje er nok lys til å lese i det heile tatt. Eg gler meg.

0 kommentarar: