30. januar 2009

Å kjære vene

Takka vere SVTs nett-TV-løysing (som forøvrig fungerer aldeles fantastisk også for oss med Mac, kva i alle dagar er det som gjer det umogleg for NRK å få til det same?) fekk også eg endelig sjansen til å sjå Ari snakke svorsk.

Ari Behn manglar truleg evna til å bli flau over seg sjølv, men til gjengjeld sit eg her og skjemst intenst nok for både han og meg, og truleg mesteparten av Noregs befolkning i tillegg. For ikkje å snakke om Sverige.

28. januar 2009

Bokmelding - 3 i 1!

Eg les og les, med varierande fart og intensitet. I juleferien gjekk det unna ein heil del, no går det litt saktare, men her er tre gode bøker eg har lese i løpet av den siste månaden:

Menneskehavn (John Ajvide Lindquist)














Eg har skrive om Lindquist før. Denne gongen handlar det ikkje om vampyrar, men om havet og kreftene som finst der. Og den svenske skjærgården (morsomt frå Grotesco) framstår ikkje verken idyllisk eller kjedeleg her. Lindquist greier framleis kunstsykket å skremme meg, og samtidig få meg til å like å bli det eg les.

Av og til tek eg meg i å tenke at Lindquist trekk heile greia akkurat litt langt, men så kjem det stort sett alltid eit kapittel der han skriv noko fullstendig kvardagsleg og truverdig, sånn at at eg gløymer kva eg tenkte rett før.

Eg likte kanskje vampyrboka hakket betre, men det var kanskje fordi eg absolutt ikkje var førebudd på kva som venta meg. Denne gongen var forventningane nokså høge, og Lindquist er faktisk ikkje langt unna å innfri kvar einaste ei. Og dét er ikkje verst.

Hässelby (Johan Harstad)













Eg likte den forrige boka til Harstad også, og Hässelby har eg sett fram til å lese lenge. Dette er altså boka om den vaksne Albert Åberg. Og om Lindquist innfrir, så gjer ikkje Harstad det i mindre grad. Denne boka hadde eg rett og slett problem med å legge frå meg. Heller ikkje dette er ei spesielt lystig bok, men alt kan då ikkje berre vere kos heller. Verdas undergang? Gjerne for meg, viss eg får undergangen presentert med Harstad si litterære stemme (uff, så svulstig. Men han skriv veldig godt!). Sjølv om eg gjerne skulle sett både Albert, Milla og Viktor, for ikkje å snakke om sjølvaste pappaen til Albert, møte blidare skjebner. Det får heller gå. Denne anbefaler eg!

Kollektivt selvmord (Arto Paasilinna)











Det er ikkje spesielt ofte eg les finsk litteratur. Faktisk kan eg nesten ikkje hugse å ha lest ei einaste finsk bok før, dersom ein ser bort frå Mummibøkene (ein bør jo forresten slett ikkje sjå bort frå dei, det er strålande bøker). (Sidan eg er så godt i gang med å referere til mine yndlingssvenskar i Grotesco, så værsågod, her er litt om finske intellektuelle.) Og kven skulle trudd at det var så moro å lese om sjølvmordskandidatar i fleng? Eg mora meg, det viste seg at denne Paasilinna var akkurat så tørrvittig som eg likar det. Av desse tre bøkene var denne merkeleg nok den artigaste, sjølv om humoren utan tvil er kolsvart.

Så no veit du kva du har å gjere. Eg veit at eg skal lese litt meir, du skal ikkje sjå bort frå fleire bokmeldingar her i nær framtid. Eg trur eg til og med skal melde noko så eksotisk som ein teikneserie etter kvart. Følg med.

11. januar 2009

Krigssone

Jan Thomas har fått salongen sin rasert igjen. Tullete, sjølvsagt. Og heilt sikkert ikkje kjekt for Jan Thomas. Han kan vel ikkje akkurat haldast ansvarleg for Israel sine krigsforbrytelsar i Gaza, med mindre ein vel å tru at han hadde fått slutt på heile krigen med ein uttalelse i media. Det har vi til gode å høyre frå den kanten. Eg er pessimist, så eg trur ikkje det ville hjelpt så veldig. Altså må Jan Thomas gjerne teie om situasjonen i Midtausten for min del. Men han kunne kanskje tenkt igjennom ordvalet litt nøyare når han skulle uttale seg om tilstanden til salongen sin til VG nett? (nok ein gong, eg gidd ikkje å linke når eg kjem på lista over bloggarar nederst i artikkelen, er litt mediesky...)
- Nå ser det ut som en krigssone, konkluderer Jan Thomas
Greidde han verkeleg ikkje å finne ein meir passande metafor?

For øvrig vil eg gratulere alle demonstrantane som no har oppnådd at samtlige avisoverskrifter dreier seg om Oslo istadenfor Gaza. Godt jobba.

9. januar 2009

Og så usensurert, då gitt.

- Lege Mads Gilbert, som er medlem av partiet Rødt, kan usensurert i alle medier gi sin versjon av det som skjer. At den er politisk farget er det ingen tvil om, og det reagerer jeg på.
Siv Jensen, Kveldsnytt 6. januar 2009
Unnskyld meg, men eg trur det må ha gått meg hus forbi at vi i Norge meiner at folk bør sensurerast dersom dei tilfeldigvis er litt venstrevridde. Og eg trur ikkje eg gidd å snakke om kor sjølvsagt det er at ein person sine ytringar er farga av den politiske ståstaden til vedkommande. Dette gjeld sjølvsagt kanskje mest av alt Jensen sjølv, noko eg gladelig skulle tilgitt henne på flekken viss ho reiste til eit katastrofeområde og med fare for sitt eige liv jobba døgnet rundt med å redde andre sine. Samtidig med å fylle rolla som einaste informasjonskanal til omverda.

Av og til, Siv Jensen. Av og til er det like greit å halde kjeft.

5. januar 2009

Gaza



















Noko bør vel seiast. Eg har ikkje ord.

Heldigvis finst det framleis folk som veit å formulere seg, t.d. den amerikanske forfattaren Eric S. Margolis, som har interessante synspunkt på det som skjer i Gaza no, sett i samanheng med USA og den vestlige verda. Om du har ork til å lese litt på engelsk, er det berre å gå i gang.

Biletet over er forresten ikkje nytt, men det har vel sjeldan vore så treffande som no.