14. juni 2009

Iste

Eg er kresen i drikkevegen (ja, der også). Det går stort sett i vatn, enten fordi eg synest alt det andre som går an å drikke ikkje er spesielt godt, fordi eg blir lei av det, eller fordi det ikkje er spesielt sunt (og dessutan måtte eg rotfylle i fjor, det har eg ikkje tenkt å gjere meir). Juice til frokost på 17. mai. Caffe Latte på kafé. Og så drikk eg mengder av te. I den kalde årstida kan eg sikkert drikke ein liter eller to om dagen. Grønn te, svart te, krydder- og urtete går ned på høgkant.

Eg drikk varm te om sommaren også, særleg på kvelden og når vêret er dårleg. Men når det er varmt ute, fristar det lite. Og då kan ein heldigvis lage iste! Eg har ein favorittbutikk for te, som eg ikkje greier å uttale namnet på: Les Palais des Thés. Dei har to butikkar i Oslo. Her kan du få 100 gram te for ein femtilapp (sekstilapp, strengt tatt), eller for fleire hundre kroner. Eg likar å gå der og kikke, smake på dagens te, og av og til kjøpe noko. I fjor sommar gjekk eg og Hedda dit og spurte om dei hadde tips til korleis ein kunne lage iste, og kva tetypar som var gode til formålet.

Eg endte opp med denne teen i fjor (dei hadde fleire gode forslag, og Hedda fekk med seg ein svart te, trur eg), og synest også i år at han er veldig god til iste. Eg har også prøvd han varm, men det fungerte ikkje heilt for meg.

Her er oppskrifta eg fekk av Tepalasset (sånn omtrentleg):

1 liter kaldt vatn
10 teskeier te (The du Hammam kostar godt under hundrelappen, men med slike mengder te blir dette likevel ikkje nødvendigvis noko veldig økonomisk alternativ til Nestea eller Lipton. Men uendeleg mykje betre og sunnare!)

La trekke i ein halvtime i kjøleskapet. Tepalasset sel sjølvsagt store filter du kan bruke. Eg er tom, og har dei siste gongane brukt kaffifilter i lett desperasjon. Dei er altfor tjukke, men fungerer sånn nokonlunde. Du kan sjølvsagt søte teen med sukker eller honning om du vil. For min del er halve vitsen å sleppe unna det søte klisset frå butikken, så eg drikk han akkurat som han er, når denne teen får trekke etter oppskrifta over, blir han ikkje bitter. Isbitar er ingen dum idé heller.

Min sommarfavoritt!

10. juni 2009

Ny ferielov?

Eg er ikkje eit rausare menneske enn at eg kosar meg litt når skråsikre folk (sjølvsagt slike som alltid meiner noko anna enn meg, og attpåtil med begredeleg rettskriving) trekk slutningar som rett etterpå viser seg å vere fullstendig feil.

Og vi kan alle lære eitt og anna av denne Hildegunn. For eksempel at kvart blogginnlegg må slutte med eit patosfylt avsnitt. Eg kom ikkje på noko i farta, så eg kopierer like godt Hildegunns (eller Hildegunn's, som det sjølvsagt heiter der i garden):

Nok er nok! Nordmenn skal kunne reise på ferie uten å bli satt i fare av muslimske terrorister.

6. juni 2009

Bokmelding: Boktyven (Markus Zusak)

Eg har rolige dagar for tida. Det er ganske fantastisk, ikkje minst fordi eg får tid til å lese mykje. Målet mitt for 2009 er å lese i gjennomsnitt minst ei bok i månaden. Eg ligg veldig godt an så langt, synest eg. (Lista til høgre her blir forresten oppdatert etterkvart som eg les nye bøker, til allmenn glede og inspirasjon (forhåpentligvis, elles er uansett det godt å få tilfredsstilt eksponeringstrangen litt ekstra, som om ikkje ein blogg i seg sjølv var nok).)

Eg har nettopp fullført Boktyven av Markus Zusak. Handlinga finn stad i Tyskland under 2. verdskrig. Boktjuv og hovudperson er Liesel, ei ung jente som har hamna i fosterheim. Handlinga spinn rundt hennar univers. Vi blir kjent med nabolaget, kameraten Rudy, fosterforeldra, og jøden Max som familien skjuler i kjellaren. Og det er Døden sjølv som er forteljar.

Boka har nærast blitt lovprist av mange bokmeldarar, ikkje minst på grunn av dette fikse forteljargrepet. Men det er nettopp her det går litt skeis for meg. Frå første stund synest eg Døden er ein ganske skuffande og flåsete forteljar, og språket blir slitsomt og masete. Heldigvis opplevde eg det som mest irriterande i starten, så etterkvart gjekk det likevel greit å lese boka. Og ho er i grunnen verdt å lese. Historia er fengande nok, og sjølv om eg (og mange med meg) har lese mykje litteratur med handling frå krigen, får eg ikkje umiddelbart kjensla av å ha lese akkurat dette før, sjølv om det kanskje ikkje er heilt revolusjonerande heller.

Boka er full av frampeik, og lesaren er fullstendig klar over handlinga og korleis historia sluttar lenge før ein har lese så langt. Likevel greier forfattaren (trass i Døden, som altså etter mi meining er litt for mykje til stades i heile boka) fint å halde på merksemda, og eg må innrømme at eg vart så riven med at eg vart liggande vaken for å lese dei siste hundre sidene ferdige i fleire timar etter normal leggetid på ein kvardag. Det er ikkje så ofte det skjer meg no for tida.

Mange er altså ikkje einige i min kritikk, så det er berre å gi boka (og Døden) ein sjanse. Den er uansett verdt å lese.

(I dag har eg vore på biblioteket for første gang på månadsvis. Det skal eg begynne med litt oftare. Kanskje det kjem fleire bokmeldingar om ikkje så lenge...)