30. juli 2009

Nei takk!

Dette oppdaga eg her om dagen. Altså: No (visstnok frå 1. juni) kan ein også reservere seg mot gratis aviser i postkassa og på døra, ikkje berre uadressert reklame. Gratis aviser er noko vi blir nedlessa av i Oslo sentrum, dessverre, så no er eg storfornøgd. Eg trur papirsøppelet i dette kollektivet frå no av kan bli halvert, omtrent.

Ein engel hadde hengt opp ein sånn lapp på ytterdøra i bygningen då eg kom heim frå ferie, og for å vere på den sikre sida skal eg merke både postkassa vår og døra til leiligheita. PDF-fil kan du laste ned her.

8. juli 2009

Virtuelle Live anbefaler: Sommarmusikk

Årets sommarlåt er sjølvsagt Ambitions med Donkeyboy og Idol-Linnea (det er forresten kjekt når folk ein aldri fekk så voldsomt sansen for, og eigentleg meir eller mindre har gløymt med tida, dukkar opp igjen etter nokre år og gjer kule ting). Eg blir nesten lukkeleg kvar gong eg høyrer den (i snitt atten tusen gongar dagleg på P3, vil eg anslå).

Men ein kan jo ikkje berre høyre på gladmusikk heller. Og om årets sommarlåt er Ambitions, er nok årets sommaralbum for min del Elvis Perkins in Dearland, av bandet med same namn. Melankolsk og fint på ein ikkje så veldig varm sommarkveld. Så får det heller vere at plata slett ikkje er splitter ny eller noko. Eg merka meg namnet for månadsvis sidan, men fekk ikkje somla meg til å gjere noko med det før no nylig. Eg anbefaler ikkje andre å vente så lenge, for det er det ingen grunn til. Har du Spotify, kan du nemlig klikke her for å høyre albumet.

Éin arbeidsdag igjen til ferie.

5. juli 2009

Bysommar II

For første gong på lenge, og sannsynligvis for siste gong før eg tek ferie, har eg hatt heile dagen for meg sjølv i leilegheita, utan ein einaste avtale med nokon eller noko. Dette har eg gjort i dag:

- vakna
- sovna
- vakna
- stått opp
- sett på ein klesvask
- gått ut med glass-og-metall-søpla, med påfølgande spasertur
- kjøpt druer på Joker, fordi eg trengte pose til søppelbøtta (det går an å vere for flink med å bruke handlenett...)
- hengt opp klesvask
- ete brunsj
- vaska opp
- sett på TV
- konsumert ei kanne med te
- lese fleire hundre sider, gjort ferdig to bøker og starta på ei ny
- testa ut kaffibryggaren eg fekk i forrige veke (den virka, så eg er klar for kaffibesøk)
- gått ut med papirsøpla, med påfølgande spasertur
- surfa på internett
- laga middag
- ete middag
- lagt middagsrestar i lunsjboks til i morgon
- vaska opp
- lagt saman klesvask
- snakka i telefon med opphavet
- tatt backup
- svart på e-postar frå folk som gjerne vil ha rommet mitt til hausten
- prøvd å bestemme meg for kva eg skal bruke eit 500 kroners universalgåvekort på
- ete druer

Dette får meg til å tenke. Dersom eg ikkje hadde hatt jobb eller venner, tenk på alt eg hadde fått gjort!

Men kor lenge hadde det eigentleg vore gøy?

2. juli 2009

Bysommar

Det er varmt. Om ei veke tek eg ferie, turen går til Trivselsfylket. Men inntil vidare er eg i Oslo og jobbar, og innimellom nyt eg finvêret. Fortrinnsvis i bakgården etter solnedgang. Med ei bok. Og til helga ligg det an til årets første bad ute, viss ein ikkje reknar med Dødehavet.

Det overordna målet mitt for denne sommaren er å lese minst to bøker i veka. Det går riktig så fint foreløpig, og eg trur det kan gå enda betre dei to vekene eg skal vere i Førde.

Derfor har eg igjen blitt ein ivrig brukar av biblioteket. Det er lenge sidan eg har vore der så ofte som no, men eg hugsar ein gong i min barndom, eg var kanskje ti år, då eg kom heim frå Førde kommunale bibliotek og proklamerte at det begynte å bli kjedelig, for eg hadde faktisk lest alle bøkene i barneavdelinga der. Det var nok ikkje heilt sant, men kanskje heller ikkje så langt unna sanninga som ein kanskje skulle tru.

No er eg altså fast gjest på Deichmanske, og mykje har skjedd sidan sist. No kan ein til dømes lage ei hugseliste på internett med bøker ein vil lese ein eller annan gong, og ut frå lista mi ser eg at det ikkje er fare for at historia frå ti-års-alderen skal gjenta seg med det første. Heldigvis. Når ein er klar til å lese ei bok, trykker ein ganske enkelt på "bestill", og så får ein SMS når boka er klar til henting på ein fritt valt filial. Tada.

Og neidå, eg trur slett ikkje at folk ikkje veit om at dette går an. Eg har også visst om det lenge. Men berre tenk over det. Dette tilbodet har vi. Heilt gratis! Det er då ganske fantastisk?

Og i morgon skal eg begynne seint og jobbe kort dag, så i kveld skal eg sitte ute til det ikkje er nok lys til å lese i det heile tatt. Eg gler meg.